fredag 3. oktober 2008

Panikk!!!

Me er inne i siste veka ved skulen i Laugarvatn, og panikken har (nesten) tatt oss... Nå må me rekka å gjer alt me gjennom heile opphaldet har tenkt me skal få gjort!


Naturpedagogar på sitt beste - lunsj ute i det fri ein flott haustdag!

Laugarvatnfjelli måtte bestigast, ca 450 moh. Inger Marie og Karin tok turen opp, Elisabeth måtte ta det roleg på grunn av hælen som endå ikkje er god..

Endeleg fekk me laga oss ein tradisjonell islandsk middagsrett. Den bestod av stekt leverpølse med sukker på, kokte poteter, gulrøter og kvit saus. Interessant kan du sei, og sånn heilt-greit-på-smak...
Me har tatt kano valfag, og måndag bar det ut på tur frå Laugarvatnet, via ei elv og ned til Apavatnet. Nydeleg haustver gjorde turen heilt fantastisk! Me fekk prøvd oss på å manøvrere kanoen i straumar og bakevjer i elva - spanande! Neida, ingen velta :)

Island er viden kjent for sine varme kjelder - det er faktisk sant at det står og kokar vatn rundt omkring. Heilt magisk! Me fekk tak i rugbrødoppskrift, mekka deigen, oppi ei eldfast form, inni ein plastpose, og gravde det ned akkurat der det koka som best! Nå var det å venta i 24 timar til brødet blei ferdig :)
Me testa om det gjekk an å koke egg i dei varme kjeldene - og det funka! Etter 9,46 minutt var egga perfekt kokte!


Det har gått 25 timar, og spente som små ungar gravar me brødet opp. Er det stekt? Er det kome vatn og sand inni? Smakar det godt? Eller har islendingane bare lurt oss...


Jippi! Brødet var stekt, egga perfekt kokte og tre svultne jenter danderer dei beste smørbrød ein kan tenka seg :) Nydeleg på smak!


Natt til fredag kom den første snøen til Island - 5 cm med nysnø!!! Den må sjølvsagt testast - og jo, ein kan laga englar i islandsk snø òg!

1 kommentar:

Marit sa...

Åhh..ej bjynde å bli overbevist Karin. Island e kanskje verdt et forsøk til? Ette 2 mislykka forsøk på å komme dit, tenke ej at kanskje forsøk 3 kan gi suksess?!? Men da e d kanskje lurt å ikkje reise vinterstid..litt meir stabilt ver kan sikkert ver greit;)EJ me vil ha Egg å Brød laga sann!!