lørdag 27. september 2008

Tre dagar i den islandske fjellheimen!

Måndag i denne veka inntok ein sporty gjeng skulen vår. Me fekk besøk av Nordisk Friluftsliv-studentar frå Sverige, Danmark og Island. Studiet er eit samarbeidsprosjekt mellom høgskular i Norge, Sverige, Danmark og Island, og er siste året på bachelorgraden i idrett til desse studentane. Me fekk vere med på deira 3-dagars fjelltur i den islandske fjellheimen :)

Klassen blei delt i tre grupper. Ei med bare guttar, ei miks og ei med bare jenter. Karin si jentegruppa er pakka og klare for tur!

På Island er det svært lite stiar på fjellet, så me fann vegen ved hjelp av kart og kompass. Denne første dagen var været svært fint, og stigninga opp til Laugarvatnsfjelli gjekk knirkefritt.

På veg ned frå Laugarvatnsfjell hadde me denne utsikta! Fantastisk:) Nedstigninga var bratt og med mykje brunleire og grus. Me surfa på skoa nedover, ein aktivitet som fekk navnet "Chocolate-surfing".
Vel nede på sletta fann me desse gjesfrie dyra. Dei kom imot oss og ville gjerne ha ein kos. Elisabeth gir gladeleg frå seg eit stryk, men held litt avstand. Ho er jo tross alt forlova med ein annan ;)
Me fann ei grotta i fjellet. På Island er det mykje grotter, både store og små. Dei er blitt laga ved at lavastrøm har størkna ytterst, mens strømmen har fortsatt å renne inni. Når utbruddet er over "tømmes" strømmen for lava og det oppstår ei grotte! Tøft!

Første teltleiren slo me opp ved sida av ein gammal heste-innhenging. Etter 16 km og fleire hundre meter stigning smakte det nydeleg med middag laga på stormjøkken. Smått om senn kraup me inn i soveposane våre under ein klar og mørk stjernehimmel etter ein kjekk og opplevelsesrik dag. Tidlig neste morgon vakna me med frosne regndråpar på teltduken! Til frokost stod havregraut med rosin og banan på menyen før me var klare for nye 15 km på fottur. Elisabeth måtte desverre dra tilbake til skulen den morgonen. Dette på grunn av smerter i akilles-senen, noko ho har vore plaga med dei siste vekene. Karin fortsette saman med ein gjeng ukjente, men utruleg kjekke folk!

Andre dagen med vandring er i gong, og her inntas lunsj med diverse mat på menyen. Ho islandske på Karin si gruppa handla inn mat, noko som resulterte i leverpølse, muffins, smultboller, smala-hovud (!), 2 pk rekeost, 2 pk skinke, go'morgon-yoghurt, kvitost, 6 pakkar rugbrød og 2 pk knekkebrød - på 4 personar!!! Var ho svulten når ho handla inn eller?!? Og hadde ho tenkt på at me skulle bera med oss dette?? Neppe...

Mange blei etterkvart plaga av gnagsår og ømme føter. Lovise får massasje, varmebehandling og ny plastring av Rasmus. Ein kan vel sei at det var mykje føter av diverse utsjånad som kom ut av sokkens mulm og mørke om kveldane. Karin slapp unna alt av gnagsår og våte sokkar, og sender ein stor takk til Crispi for Beseggen-skoa sine :) Anbefalast!

Me traff masse varme kjelder på turen. Denne var den største, og med mest sprut. På grunn av alt regnet blei elvene store og tok med seg jord og leire, derfor er vatnet brunt. Vatnet var så varmt at ein brant seg om ein tok i det... Knalltøft eigentleg :)


Siste dagen var prega av regn, regn, regn, opphald i 2 min, regn, regn, sterk vind, og mykje tåke. Slik som dette såg det ut på eine toppen me var. Ein kan vel sei at kompasset var SVÆRT godt å ha :) Ned frå denne toppen var det igjen tid for "Chocolate-surfing".

Denne elva var roleg, men djup, så me tok av oss på beina og vassa over.

Alt regnet gjorde elvene kjempestore, og fleire plassar var stien øydelagd av alt vatnet. Det resulterte i hopping frå stein til stein, eit plomps uti, balansering på glatte steinar med stor ryggsekk og endå eit plomps uti før ein var over på andre sida. Spanande, tøft, litt vått og knallmorsomt!

Etter nærare 45 km på beina er opplevingane blitt mange og store! Vått, latterfullt, varm sovepose, leirplassen i siktet, nytt vatn i drikkeflaska, lukta av rødsprit, rein ullskjorte, tung motbakke, samtalar på norsk-dansk-engelsk, mektig natur og ein stor dose med følelse av frihet.

søndag 21. september 2008

Helg i Laugarvatn...igjen!

Då har Inger Marie fått besøk av sin kjære, og Elisabeth og Karin skal tilbringe helga saman i Laugarvatn. Me kjørte Inger Marie til bussen i bilen me fekk låna av kompisen vår Hàkon. Etter å ha fått ho vel avgårde (faktisk i siste liten pga lang kø på butikken...) hadde me nokre timar i Selfoss kor me handla både mp3-spelar, cd-ar, sokkar, eventyr på islandsk og garn!

På veg tilbake var me innom eit 6500 år gammalt krater. Det er 55 m djupt, og er fyllt med vatn i botn. Joda, Elisabeth tar godt vare på meg :)

Sjåfør Karin ved gliset me fekk låna!

Aller siste timen på fredagen hadde me orientering. Det er lite vanleg på Island, så her byrjar ein i det små! Me fekk ulike gåter på kvar post som leia oss til neste post. På kvar post fekk me ein ting etter å ha besvart ei oppgåve, og til slutt hadde me nok ingredienser til å lage pannekaker! Joda, akkurat som på barneskulen :) Stjòni og Karin steiker islandske pannekaker. Her er det vanleg å servera pannekaker med piska krem og syltetøy.....!


I Selfoss kjøpte me oss garn og spøter! Elisabeth skal bli kona, så ho måtte jo læra seg å spøta sokkar! Karin tok på seg ansvaret, og visst blei det gode resultat! Me har konkludert med at både lærar og elev var eksemplariske ;) I skrivande stund er Elisabeth godt i gong med hæl nr.2!


Me måtte ha i oss litt mat i løpet av helga! Menyen blei skikkeleg husmormat med heimelaga pizza på laurdagskvelden, og kotelett med brokkoli og fløytegratinerte poteter til søndagsmiddag! Høyrte me nokon som sa husmoremner??!?

Til søndagskaffien laga me oss eplekaka på islandsk oppskrift! Sjekk ut www.eldhus.is :)

Til våre mødre

Vi har til nå fortalt mye om hva vi har gjort på mens vi har vært her! Det er mykje mykje moro, men vi har litt mindre actionfylte hverdager også...! Dager som vi lever på skolen og i nærområdet.

Til ære for våre mødre som gjerne vil se hvordan det er her borte, legger vi nå ut noen bilder av omgivelsene våre her i Laugarvatn:)


Her er vi litt opp i lia og bak oss på bildet er den lille bygda som ligger ved Laugarvatn.

Her bor ca 180 mennesker!


Skolebygningen.

Hovedinngangen er ved vinkelen på huset.

Vårt 22km2 "store" rom.

Jupp, ikke den store gulvplassen å skryte av, men vi klager ikke!


Badet

-ikke store greiene, men et bad er bedre enn ikke et bad;)


Matsalen

-med nydelig utsikt over Laugarvatnet



Kjøkkenet
- for å si det som det er er det helt gyselig og uappetittelig !!

Idrett- og svømmanlegget.
Her er styrkerom, stor gymsal og utendørs svømmebasseng(bak gjerdet til venstre).

Svømmebassenget og 3 heitur pottur.

Her trener vi mye- heilt konge!

Den lokale butikken;)


Tölva = datarommet

- og det er her vi sitter å lager blogg:)



onsdag 17. september 2008

The perfect weekend

Fortsettelsen av Elisabeths ting på tapetet følger altså her…

Jeg var i Reykjavik i helga fordi min kjære Simen kom for å besøke meg. Helga ble helt annerledes enn jeg hadde trodd da jeg tok bussen til Keflavik…
FOR fredag kveld den 12.09.08 gikk Simen ned på sine knær i Reykjavik og svaret var ikke vanskelige i det hele tatt, ergo:

VI HAR FORLOVET OSS:)

Simen overrasket meg med denne fantastisk fine ringen!

"Lykkelig lykkelig:)"


Med denne pangstarten på helga, så måtte den bare bli perfekt! Vi var på tur til Geysir og Gullfoss på lørdagen. Utrolig facinerende!!


Søndag var vi og kjørte ATV i skikkelig skit vær, men været satte ingen demper på opplevelsen! Det var skikkelig kick å bare suse gjennom gjørme og vanndammer:) ATV kjøring på Island anbefales!!

tirsdag 16. september 2008

Kennódjamm


I helga fekk skulen besøk frå lærarhøgskulen i Reykjavik, og då måtte me laga til litt tull og vas! Alle klassane fekk i oppgåve å kle seg ut, og me stilte som pingvinar! Sjå kor flotte vår klasse er då :) Klikk på bilete for å sjå det i større format!

For å bli litt kjent fekk me klistra eit navn på ryggen, og så måtte me rundt og stilla ja/nei-spørsmål for å finne ut kven me var. Til Inger Marie si fortviling syns alle hennar navn var veldig morsomt og lo hjarteleg. Og joda, ho var pingvin :)



Eit smask på nebbet!


Seinare på kvelden var det dans på eit bygdehus i nabobygda. Som dei habile dansarane me er, kasta me oss ut på dansegolvet. Hákon er blitt bestekompisen vår, og bodybuildar som han er klarte han å svinga oss begge rundt i svansen. 

Mens Inger Marie og Karin leika pingvinar var Elisabeth i Reykjavik og hadde heilt andre ting på tapetet....fortsette følger ;)

søndag 14. september 2008

22 kvm, 3 jenter, 1 morgon

"Brr..." og "pip-pip-pip" hylar det frå nattbordet
3 jenter er endå heilt på jordet
Etter litt fikling og romestering blir det stilt
Mobilen har gjort jobben sin, sagt mildt!
Me ligg i kvar vår seng
Og alle har ei blære på spreng
Men kven er først opp av dyna i dag?
"Ikkje eg" - tenker me alle i lag
Etter nokre tenkeminutt tassar to føter mot badet avgårde
"Æsj!" - tenker eg, og klør meg i håret
"Men nummer to skal eg iallefall vera,
eg tenker jo på denne blæra..."
Brått blir låsen i badedøra vridd opp
Dyna fèr - eg er ute av senga med eit hopp
Mumlar eit "God morgon" til den våkne frøknå
Ho har blitt så fresh frå ho var i mørknå
Det er tid for ein omgong med vatn og klut
Og blæra er ikkje lenger noko sut (puh!)
På med joggebukse, ullsokkar og truse
Men obs, dei andre to har dongeri og bluse
Hjelp! Kva skjer? Eg blir forvirra
Eg må ut på golvet og ein runde svirra
I ein fei er joggebuksa lagt i skapet
Me er blitt lite sjølvstendige i dette "ekteskapet"
Magen rumlar og ganen er klar
Plutseleg er me på kjøkkenet og frokosten inntar!

mandag 8. september 2008

Vår første helg i Laugarvatn


Etter ei veke fyllt av fjelltur, teori og praksis om vanntilvenning, og læring av grunntrinn i engelsk vals, cha-cha-cha og samba var det klart for vår første helg i Laugarvatn. Ein duggfrisk laurdags morgon gjekk me tur langs Laugarvatni, og fekk oppleve stemning og natur frå si beste side.


Inger Marie og Elisabeth drøymer om fisketur på Sunnmørskysten...


Sesongen for utleige av kajakkar var eigentleg over, men då utleigaren såg våre skuffa fjes og sjarmerande smil vart det padletur på oss likavel.


Inger Marie er midt ute på Laugarvatni. I bakgrunnen ser ein skulen (og heimen...) vår i dei kvite bygningane på høgre sida, og "hot springs" på venstre sida.


Vel tilbake på skulen var det tid for husmorarbeid. Eit rom på 22 kvm med tre jenter blir raskt rotete og støvete, så her må filla svingast. Ser ut til at denne frøkna trives i jobben :)

Sjå her ja, her trives ho iallefall! Helgekosen skal sikrast med nysteikte kanelboller :) Svært smakeleg!



Innimellom får me tid til litt pensumlesing. Elisabeth fordjupar seg i "Kvalitetsarbeid i barnehagen". Kan nesten sjå at ho lengtar etter kaffi og kanelboller :) Det gjer forresten Karin og, ho er bak kameraet...

torsdag 4. september 2008

Gul og blå og vondt...




På veg over elva på teltturen klarte Elisabeth å skrape sida av foten sin mot ein stein. Optimistisk plastra ho foten med eit uskuldig plaster og trudde det var gjort med det! Men neida... Dagen etter var foten både blå og gul! Den er nå på bedringens vei, kun plaga av eit gnagsår på hælen.


Her ein kveld hadde 2. og 3.klassingane laga til "sporleik" i skogen. På veg opp i skogen var det flott sti og gode greier, men på veg ned igjen gjekk det strake vegen gjennom skogen i skumringens mørke. Karin si gruppe var først, og prega av eit til tider sterkt konkurranseinstinkt klarte ho sjølvsagt å vrikke ankelen rett før ho var nede på asfalten att. Så her er Karin sin fot; hoven, vond og lite samarbeidsvillig på veg ned trapper...

Ut på tur - aldri sur!

Då var tida inne for å bli betre kjent med klassen vår! Måndag til tysdag var me på telttur inn i botnen av ein dal. Me blei delt inn i 9 grupper som kvar skulle fordele kart, telt, stormkjøkken, mat og førstehjelpsutstyr. Det kan seiast at planlegginga blei utfordrande når ein er åleine norsk på gruppa og mest all pratinga føregjekk på islandsk!


På rekke og rad vandra me inn over dalen. Ei og ei gruppe hadde ansvar for å lede an ved hjelp av kart og kompass. I Norge fylgjer me stort sett ein sti heile turen, men på Island er det ikkje like godt nett med stiar. Det enda med trakking over våte myrar og gjennom tette bjørkeskogar. Her er me heilt i starten av dalen, og har 4-5 timar igjen til me er framme ved leiren.
Mange små bekker undervegs måtte kryssast! Inger Marie er i farta med både armar og bein! Rett etter at bilete vart tatt datt kameraet nedi ein liten bekk og det såg lenge ut til at det hadde tatt sitt siste bilete...Men med litt kyndig førstehjelp frå Inger Marie og Karin ser kameraet nå lysare på framtida :)


Rett før me var framme ved leiren måtte elva kryssast. Sko, bukse og stillongs måtte av til fordel for shorts og sandalar! Brrr... Det var faktisk vanskelegare enn me hadde trudd: iskaldt vatn, sterk strøm, svær ryggsekk på ryggen og ulikt tempo i gruppa gjorde utfordringa komplett! Men me kom oss over, nokre meir våte enn andre...

Etter å ha bytta til tørre kler og sett opp teltet gjekk me opp på ein fjelltopp for å sjå på utsikta! Såå fantastisk :) Elva kom rett ut av berget og bukta seg nedover heile dalen. Landskapet er sterkt prega av lavastein og mose kor tre er eit mindre vanleg syn. Mellom elva og klippen på venstre sida ser ein leiren vår med masse telt i ein ring.


Ein blid jentegjeng på toppen! Sidan sist har Inger Marie vakse 15 cm og Elisabeth krympa 15 cm! Me er alle spent på utviklinga..Kor skal dette ende?!?

Litt tøffings på toppen høyrer med :)



Vel nede i leiren igjen var det tid for middag. Elisabeth imponerer islandske gutar med sin kokkekunst. Her står hamburger med salat og ost på menyen :) Utover natta kraup me inn i 4-mannstelta klar for ei god natt søvn. Telta var såpass små at for å få plass til 4 stk måtte minst to av oss ligge på sida for å ikkje havne oppå kvarandre - noko som utvilsomt hadde svekka nattesøvnen :)

Me har kikka litt på desse islandske idrettsfolka, noko som har enda i fleire interessante observasjonar. Matinntaket på tur bestod for mange av sjokomelk, appelsinjuice (i kjeft-str!), øl, nuddel-suppe, proteindrikk, jägermeister, smultbollar (til frokost!) og eit lass av fruit-barar og sjokolade/korn-barar. Stor forskjell frå våre norske vanar med fjellvatn, grove leverposteiskiver og kokesjokolade!