
På rekke og rad vandra me inn over dalen. Ei og ei gruppe hadde ansvar for å lede an ved hjelp av kart og kompass. I Norge fylgjer me stort sett ein sti heile turen, men på Island er det ikkje like godt nett med stiar. Det enda med trakking over våte myrar og gjennom tette bjørkeskogar. Her er me heilt i starten av dalen, og har 4-5 timar igjen til me er framme ved leiren.
Mange små bekker undervegs måtte kryssast! Inger Marie er i farta med både armar og bein! Rett etter at bilete vart tatt datt kameraet nedi ein liten bekk og det såg lenge ut til at det hadde tatt sitt siste bilete...Men med litt kyndig førstehjelp frå Inger Marie og Karin ser kameraet nå lysare på framtida :)

Rett før me var framme ved leiren måtte elva kryssast. Sko, bukse og stillongs måtte av til fordel for shorts og sandalar! Brrr... Det var faktisk vanskelegare enn me hadde trudd: iskaldt vatn, sterk strøm, svær ryggsekk på ryggen og ulikt tempo i gruppa gjorde utfordringa komplett! Men me kom oss over, nokre meir våte enn andre...

Ein blid jentegjeng på toppen! Sidan sist har Inger Marie vakse 15 cm og Elisabeth krympa 15 cm! Me er alle spent på utviklinga..Kor skal dette ende?!?

Vel nede i leiren igjen var det tid for middag. Elisabeth imponerer islandske gutar med sin kokkekunst. Her står hamburger med salat og ost på menyen :) Utover natta kraup me inn i 4-mannstelta klar for ei god natt søvn. Telta var såpass små at for å få plass til 4 stk måtte minst to av oss ligge på sida for å ikkje havne oppå kvarandre - noko som utvilsomt hadde svekka nattesøvnen :)
Me har kikka litt på desse islandske idrettsfolka, noko som har enda i fleire interessante observasjonar. Matinntaket på tur bestod for mange av sjokomelk, appelsinjuice (i kjeft-str!), øl, nuddel-suppe, proteindrikk, jägermeister, smultbollar (til frokost!) og eit lass av fruit-barar og sjokolade/korn-barar. Stor forskjell frå våre norske vanar med fjellvatn, grove leverposteiskiver og kokesjokolade!
3 kommentarer:
ser ut for at dåkke har d storfint:) Eg misunne dåkke litt må eg sei.. Nydlig natur på Island, eg får klara meg me byfjellene enn så lenge, men dei e nå ikkje så verst dei heller:)
Så Karin, me må ta ein konkurranse på best tid opp t Løvstakken;)
Savne deg snuppa!!
Klemmer fra Marianne, god helg!
Hei jentur.
Nå har eg endeleg fått oppskrifta på å leggja inn kommentar, nokon må ha det inn med teskei!! Og eg har site her og ledd og smilt med meg sjølv medan eg har sett på bilder og lese, og eg er så imponert og stolt! Det er jo så spanande det de får vera med på! - og så festleg å lesa det de skriv! De er så
spreke,
sprudlande,
festlege,
positive,
flinke,
fantasifulle,
artige,
......
Helsing ei av dei tre mødrene til desse flotte jentene, Gunn Bjørg.
Eg tar utfordringa, Marianne!
Saa kjekk kommentar, mor!Gler meg til daakke kjem paa besök :) Stas!
Legg inn en kommentar