På veg tilbake var me innom eit 6500 år gammalt krater. Det er 55 m djupt, og er fyllt med vatn i botn. Joda, Elisabeth tar godt vare på meg :)
Aller siste timen på fredagen hadde me orientering. Det er lite vanleg på Island, så her byrjar ein i det små! Me fekk ulike gåter på kvar post som leia oss til neste post. På kvar post fekk me ein ting etter å ha besvart ei oppgåve, og til slutt hadde me nok ingredienser til å lage pannekaker! Joda, akkurat som på barneskulen :) Stjòni og Karin steiker islandske pannekaker. Her er det vanleg å servera pannekaker med piska krem og syltetøy.....!
I Selfoss kjøpte me oss garn og spøter! Elisabeth skal bli kona, så ho måtte jo læra seg å spøta sokkar! Karin tok på seg ansvaret, og visst blei det gode resultat! Me har konkludert med at både lærar og elev var eksemplariske ;) I skrivande stund er Elisabeth godt i gong med hæl nr.2!
Me måtte ha i oss litt mat i løpet av helga! Menyen blei skikkeleg husmormat med heimelaga pizza på laurdagskvelden, og kotelett med brokkoli og fløytegratinerte poteter til søndagsmiddag! Høyrte me nokon som sa husmoremner??!?
Til søndagskaffien laga me oss eplekaka på islandsk oppskrift! Sjekk ut www.eldhus.is :)

5 kommentarer:
Godt å vite hvor en skal gå for å få skikkelig mat når dere kommer hjem igjen:-) hehe
Knut Harald
Jepp! Disk opp, please 8) ;-)
Ser ut som dokke lære litt om mangt over there. Lukke til på langtur i morgon, håper veret held seg!
Helsing Simen!
Hm.Dokke imponerar både gutar og mødre med denne gode maten. Til og med brokkoli! Me ser fram til du kjem heim, Karin, det er ikkje så sprekt med middag alltid når du ikkje er heime! Det med oppgåver som gir ingrediensar, var ein god ide, kanskje eg skal ta den vrien på neste personalmøte!
Helsing mor Gunn Bjørg
Ska sei guttane blei imponerte! Konge :)
Me skal ordna skikkeleg mat på Island, mor! Bare gled dåkke til å komma :) Me gjer!!!
Du er forresten veldig flink å kommentera, mor! Det likar me særs godt :) *kremt-kremt*
Legg inn en kommentar