
Etter ei veke fyllt av fjelltur, teori og praksis om vanntilvenning, og læring av grunntrinn i engelsk vals, cha-cha-cha og samba var det klart for vår første helg i Laugarvatn. Ein duggfrisk laurdags morgon gjekk me tur langs Laugarvatni, og fekk oppleve stemning og natur frå si beste side.

Inger Marie og Elisabeth drøymer om fisketur på Sunnmørskysten...

Sesongen for utleige av kajakkar var eigentleg over, men då utleigaren såg våre skuffa fjes og sjarmerande smil vart det padletur på oss likavel.

Inger Marie er midt ute på Laugarvatni. I bakgrunnen ser ein skulen (og heimen...) vår i dei kvite bygningane på høgre sida, og "hot springs" på venstre sida.

Vel tilbake på skulen var det tid for husmorarbeid. Eit rom på 22 kvm med tre jenter blir raskt rotete og støvete, så her må filla svingast. Ser ut til at denne frøkna trives i jobben :)
Innimellom får me tid til litt pensumlesing. Elisabeth fordjupar seg i "Kvalitetsarbeid i barnehagen". Kan nesten sjå at ho lengtar etter kaffi og kanelboller :) Det gjer forresten Karin og, ho er bak kameraet...
5 kommentarer:
Wow, særs heisur kulur utebiletur dokke he snappa! Ser ut som opplevingane står i kø. Rosa blad og favorittpålegg er notert på pakkelista :-) God natt på Iceland! S
Ej e imponert over hyppig oppdatering, d lika vi:) Bra dokke he d bra!! Stor klem:)
Jeg følger med dere! Gøye bilder :) klem Hanne
Me gler oss alle til du kjem, Simen! Me möter med islandske flagg, kyss og klem paa Keflavik ;)
Trur du har litt aa læra av oss om oppdateringar, Marit:) Men litt skippertak e òg bra ;)
Har fölt det paa meg, Hanne! Og konge at du legg igjen spor etter deg ;)
Da er Santorini-ferien over for denne gang:-)
Så nå er det bare å oppdatere bloggen!!! Jeg er spent på fortsettelsen av Islands-eventyret deres! ;-)
Knut Harald
Legg inn en kommentar