Saa fort heitur jentur var landa paa Island flaut dei rundt i heitur pottur! Smurt inn i velgjerande "Blue Lagoon silica mud mask" fekk me ein pangstart paa det 7 veker lange opphaldet vaart. Etter aa ha plaska rundt saman med flotte franskmenn og amerikanske tanter i fargerike badedraktar i eit par timar frakta flybussen oss inn til Reykjavik. Der tok me oss inn paa eit gjestehus med det klingande navnet Snorri's Gistiheimili.
Etter aa ha kasta inn bagasjen stakk me ut for aa sjekke livet i Reykjavik ein lördagskveld. Byen var full av folk daa det var Menningarnott - ein form for handelens dag med nattopne butikkar og konsertar i gatene. Mykje liv og god stemning! Mot midnatt trakk me ned mot havna der det venta eit forrykande fyrverkeri av dimensjonar. Utruleg flott aa sjaa mot den mörke himmelen. Me tok oss i aa seie ooooi fleire gonger, noko me ikkje skulle gjer daa det betyr æsj paa islandsk...
Det var etterkvart tre trötte jentur som tok retning mot Snorri att. Paa grunn av tidsforskjellen var klokka for oss over to...




2 kommentarer:
Hei:) Så kjekt å få følgja med dåke på blogg, genialt! Håpa dåke får flotte veke på Island, nyt tio! Klem Ida
Gratulera Ida! Du blei jo förstemann :) Det ventar ein svært eksklusiv premie fraa Island til deg ;)
Legg inn en kommentar