søndag 31. august 2008

Whale watching!

Som etterkvart saa drevne Islands-turistar valde me aa kaste oss over den svært populære turistaktiviteten "Whale-watching". Me gjekk ombord i eit fiskebaat-liknande fartöy saman med ein svær gjeng andre turistar og sette kursen rett til havs. Etter ein halv-times meir eller mindre surfing paa bölgene kom me langt nok ut, og fekk endeleg sett desse svære dyra!
Inger Marie har bytta ut bikini med varmedress, og har for sikkerhetsskuld paa seg to huer!


Elisabeth, "hög" paa sjösjuketablett, speider spent etter baade delfin og kval!

Det var jammen ikkje lett aa foreviga desse dyra. Idet ein fekk fokusert dei inn paa linsa, var dei dukka under vatn igjen. Men denna white-beaked dolphin klarte ikkje aa sleppa unna Elisabeth sin raske avtrekkarfing! I tillegg fekk me sett minke-whale, ein type kval som kan bli 11 meter lang og vege 10 tonn!

Whale-watching tar paa, og naar ein i tillegg blir vugga i sövn av bölgene seier ikkje Karin nei-takk til ein liten blund paa veg inn til Reykjavik igjen.

Ingen kommentarer: