Klassen blei delt i tre grupper. Ei med bare guttar, ei miks og ei med bare jenter. Karin si jentegruppa er pakka og klare for tur!
På Island er det svært lite stiar på fjellet, så me fann vegen ved hjelp av kart og kompass. Denne første dagen var været svært fint, og stigninga opp til Laugarvatnsfjelli gjekk knirkefritt.
På veg ned frå Laugarvatnsfjell hadde me denne utsikta! Fantastisk:) Nedstigninga var bratt og med mykje brunleire og grus. Me surfa på skoa nedover, ein aktivitet som fekk navnet "Chocolate-surfing".
Vel nede på sletta fann me desse gjesfrie dyra. Dei kom imot oss og ville gjerne ha ein kos. Elisabeth gir gladeleg frå seg eit stryk, men held litt avstand. Ho er jo tross alt forlova med ein annan ;)
Me fann ei grotta i fjellet. På Island er det mykje grotter, både store og små. Dei er blitt laga ved at lavastrøm har størkna ytterst, mens strømmen har fortsatt å renne inni. Når utbruddet er over "tømmes" strømmen for lava og det oppstår ei grotte! Tøft!
Første teltleiren slo me opp ved sida av ein gammal heste-innhenging. Etter 16 km og fleire hundre meter stigning smakte det nydeleg med middag laga på stormjøkken. Smått om senn kraup me inn i soveposane våre under ein klar og mørk stjernehimmel etter ein kjekk og opplevelsesrik dag. Tidlig neste morgon vakna me med frosne regndråpar på teltduken! Til frokost stod havregraut med rosin og banan på menyen før me var klare for nye 15 km på fottur. Elisabeth måtte desverre dra tilbake til skulen den morgonen. Dette på grunn av smerter i akilles-senen, noko ho har vore plaga med dei siste vekene. Karin fortsette saman med ein gjeng ukjente, men utruleg kjekke folk!
Andre dagen med vandring er i gong, og her inntas lunsj med diverse mat på menyen. Ho islandske på Karin si gruppa handla inn mat, noko som resulterte i leverpølse, muffins, smultboller, smala-hovud (!), 2 pk rekeost, 2 pk skinke, go'morgon-yoghurt, kvitost, 6 pakkar rugbrød og 2 pk knekkebrød - på 4 personar!!! Var ho svulten når ho handla inn eller?!? Og hadde ho tenkt på at me skulle bera med oss dette?? Neppe...
Mange blei etterkvart plaga av gnagsår og ømme føter. Lovise får massasje, varmebehandling og ny plastring av Rasmus. Ein kan vel sei at det var mykje føter av diverse utsjånad som kom ut av sokkens mulm og mørke om kveldane. Karin slapp unna alt av gnagsår og våte sokkar, og sender ein stor takk til Crispi for Beseggen-skoa sine :) Anbefalast!
Me traff masse varme kjelder på turen. Denne var den største, og med mest sprut. På grunn av alt regnet blei elvene store og tok med seg jord og leire, derfor er vatnet brunt. Vatnet var så varmt at ein brant seg om ein tok i det... Knalltøft eigentleg :)
Siste dagen var prega av regn, regn, regn, opphald i 2 min, regn, regn, sterk vind, og mykje tåke. Slik som dette såg det ut på eine toppen me var. Ein kan vel sei at kompasset var SVÆRT godt å ha :) Ned frå denne toppen var det igjen tid for "Chocolate-surfing".
Denne elva var roleg, men djup, så me tok av oss på beina og vassa over.
Alt regnet gjorde elvene kjempestore, og fleire plassar var stien øydelagd av alt vatnet. Det resulterte i hopping frå stein til stein, eit plomps uti, balansering på glatte steinar med stor ryggsekk og endå eit plomps uti før ein var over på andre sida. Spanande, tøft, litt vått og knallmorsomt!
Etter nærare 45 km på beina er opplevingane blitt mange og store! Vått, latterfullt, varm sovepose, leirplassen i siktet, nytt vatn i drikkeflaska, lukta av rødsprit, rein ullskjorte, tung motbakke, samtalar på norsk-dansk-engelsk, mektig natur og ein stor dose med følelse av frihet.
3 kommentarer:
Hæ? Regn? På dei fleste bileta ej kan sjå så er jo været temmeleg bra!! Men må seie at det var sprekt med 45km med den oppakninga enkelte hadde med seg der. Dokke får verkeleg oppleve mykje kult. Lukke til med siste dagane på skulen og på Island. Ikkje lenge att no..!
S
Du kan få sjå eit bilete når me kjem heim, der er alle klissvåte! Kameraet fekk forresten ikkje sjå så mykje til regnet, nettopp på grunn av regnet...Kjipt med uvasstett kamera!
Åh, så flott dokke har det! Men den store sekken så mange kilometer, Karin, det vil eg tru det skal krefter og kondis til å halda ut! Men eg reknar med du har det i genene, både styrken og uthaldenheten! Hm, hm. Men nå inntar me Island snart, har pakka kofferten nå og legg oss på hjul til Gardemoen i morgon etter skuletid.
Mor Gunn Bjørg
Legg inn en kommentar